Gamalt nytt

 
   
Godt nytt år <02.01.04>
  Me ynskjer alle eit retteleg godt nytt år! Måtte det bli eit godt år for alle i østersnæringa.
God jul <19.12.03>
  Vest i havet AS ynskjer ei god jul til alle samarbeidspartar. Me tek ferie frå 22. desember til 29. desember.
Haustkampanje østerskorger <18.09.03>
  Me køyrer haustkampanje på SEAPA østerskorger. Kjøp yngelkorger til prisen av "vanlege" korger. Ta kontakt! 
På AquaNor messa i Trondheim 14.-15. august <08.08.03>
  Vest i havet AS vil ha ein mann til stades på AquaNor torsdag 14. august og fredag 15. august. Ring gjerne Simon på telefon 917 59 753 viss du vil ha ein liten østersprat eller er interessert i å kjøpa SEAPA østerskorger.
Ferie veke 29 - 31 <04.07.03>
  Vest i havet AS tek sommarferie frå 14. juli til 1. august. Dersom du vil koma i kontakt med oss i denne perioden, kan dagleg leiar nåast på telefon 917 59 753. Me kan levera utstyr i denne perioden, men skal du ha store kvanta kan det vera lurt å bestilla på førehand.
Studentbesøk frå USA <18.06.03>
Vest i havet AS hadde i dag besøk frå USA. Den amerikanske studenten George Karaffa fekk ei lita innføring i norsk østersdyrking og fekk sjå  Vest i havet AS sin måte å driva østersdyrking på.
Nestleiar i Sunnhordland Skjeldyrkarlag <11.06.03>
Simon Nesse Økland, dagleg leiar i Vest i havet AS vart i kveld vald til nestleiar i styret i Sunnhordland Skjeldyrkarlag.
Nye nettsider lansert <01.06.03>
Vest i havet AS lanserer sine nye nettsider i dag. Vonaleg er nettsidene meir informative enn tidlegare.
Østerkassar komen <27.05.03>
Vest i havet fekk i dag ei ny skiping med østerkorger frå Australia. Så no er det berre å bestilla.



















[til hovudsida]